Ukas Klassikeranmeldelse 3:Hot Fuzz





Hot fuzz æ ein av de mest fantastiske filmane som er laga på denne planeta. Når ein fin gjeng set seg rundt eit bord for å kokkelere i hop tidenes politikomedie, og lukkast med det, fortenar dei klapp og ros og skryt. Dei skal få begge deler i denne anmeldinga.

Skylappar på bygda

Politioverbetjent Angel vert overført frå London til landsbygda fordi han er så steike god ein politimann at han sett kollegaene sine i skuggen.

Ute på bygda får han ufrivillig ein ny kompis, og skjønar at landsbyidyllen har grove, verkande sprekkar. Men det er ingen andre som ser det.

Smakfullt ukorrekt

?Hot Fuzz? tek i bruk alle grepa frå politiseriar og ?filmar; heftig klipping, tøft språk og dei klassiske situasjonane.

Men dei brukar grepa i andre samanhengar, og dei gjer det så beundringsverdig elegant. Med ei smakfull sleiv ukorrekt humor på toppen, sjølvsagt.

Tigertiming

Persongalleriet i ?Hot Fuzz? er nydeleg, og skodespelarane gjer så god ein jobb at eg blir varm og glad berre eg tenkjer på det.

Alle kan kjenne att nokon frå ein anna serie eller film i denne landsbyen, og det renn over med fantastiske ansiktsuttrykk frå det engelske bondelandet. Og Danny, den halvdårlige kompisen til Angel, toppar heile driten. Nick Frost er ein skodespelar med tigertiming for humor.

Simon Pegg, som spelar Angel, er utstudert politiharding som ingen anna, Jim Broadbent som politisjef på bygda er ein herleg dempa autoritet, Timothy Dalton er skummelt intens besteborgar og Paddy Considine gjev uttrykket ?brennharry politietterforskar? status som ordlisteord.

Entusiasmen utanpå

Og så kul musikk da! Ballehard Matrixmusikk her og lett påsegla heismusikk der. Regissør Edgar Wright, som òg står bak deler av traileren for ?Grindhouse?, har ei sjeldan evne til å forstå kva som trengs for å parodiere og hylle ein sjanger.

I tillegg har han forstått at ei parodi er ikkje bra berre i seg sjølv, ein må tilføye noko meir for at det skal bli gull på rullen. Og sjølvsagt ei dårleg skjult glede og entusiasme for å lage film.

Sjarm i alle grender

Det britiske kjem til sin rett i ?Hot Fuzz?, og den dårleg skjulte sarkasmen i situasjonane sitt som ein støvel i myra.
Å sjå sjangerparodiar med eit så stort og gjennomført glimt i auget, er balsam for hjernen og spa for auge og øyre. Spesielt for ein filmentusiast. Eg er sjarmert i senk av gjennomføringa på alle vis.

?Hot Fuzz? er ballehard, sarkastisk og hysterisk. Og du må sjå?n.

 
Filmpolitiets anmeldelse av Hot Fuzz

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits